Epost (brukernavn):
  
  Passord:
  
  

  Meld fra om feil på sida her

Siste 5 kommentarer
KameraEg fekk spørsmål om kva type kamera de treng. Vanlig digitalt kamera for å ta bilete. Ikkje vide..Kjartan Bjorøy, 15.04.2009
Datoar og vekedagarI invitasjonen som er sendt ut til skulane, er 16. og 17. april omtala som tysdag og onsdag, fortel ..Kjartan Bjorøy, 25.03.2009
Andre kommentarSer ut til fungera...Kjartan Bjorøy, 21.11.2008
Første mann.... til å kommentere! :)..Stian Godø, 21.11.2008


Kan vi auke valdeltakinga hos ungdom ved å bruke Web2.0 verktøy?
Publisert 17. mars 2009 av Jan Ove Løken
Valdeltakinga ved skolevala har minka med 8,1 prosentpoeng i Noreg i perioden 1995 - 2007 og var sist på 72,2%. I Møre og Romsdal er reduksjonen på 13,6 prosentpoeng i same periode med ei valdeltaking på 77,4% i 2007.
Valdeltakinga ved skolevala har minka dei seinare åra. Eg ser dette som ein viktig indikator på at valdeltakinga hos ungdom også truleg har minka ved ordinære politiske val. Nye vegar må prøvast - også i skolen - for å auke valdeltakinga. Ein aktuell ny veg er å bruke web2.o. Samtidig vil vi kanskje kunne auke kompetansen i skolenoreg på bruk av digitale verktøy?
Kva krav set læreplanane til bruk av digitale verktøy?
Publisert 17. mars 2009 av Jan Ove Løken
Dei ulike læreplanane i fag set krav til bruk av digitale verktøy.
Nokre av krava er tydelege og eksplisitte, medan andre er meir tolkbare.

For å handtere dette, og for å sikre at den enkelte lærar har ei meining om kva krav læreplanane set, har vi analysert alle læreplanane vi bruker i opplæringa på skolen. Analysen av dei ulike læreplanane vart gjennomført som eit samarbeid mellom lærarane i dei ulike fagmiljøa ved skolen vår.
Vidare arbeid med IKT-utvikling
Publisert 18. november 2008 av Jan Ove Løken
Sunndal vgs startar arbeid med IKT-abc.
Bruk av IKT i læringsarbeidet ved Sunndal vgs - Status per 23.11.2007
Publisert 23. november 2007 av Jan Ove Løken
Fylkestinget vedtok i juni 2007 at alle elevar på Vg1 i Møre og Romsdal skulle bruke berbare datamaskiner i læringsarbeidet på skolen og heime. Dermed var rammebetingelsane våre for bruk av IKT i læringsarbeidet brått endra.

Frå før hadde elevane på Studiespesialisering og på Helse- og sosialfag berbare datamaskiner på vår skole. Over sommarferien skulle altså også elevane på Vg1 Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk og Teknikk og industriell produksjon bruke berbare datamaskiner i læringsarbeidet.

Dette innebar ei auke i talet på elevar med berbare datamaskiner, men også ei sterk auke i talet på lærarar som skulle bruke berbare datamaskiner i si undervisning.

Vi fekk altså relativt store utfordringar av både teknisk og pedagogisk karakter å løyse frå juni til august.

Vis alle artikler (6)


design: Stian Godø