Epost (brukernavn):
  
  Passord:
  
  

  Meld fra om feil på sida her

Siste 5 kommentarer
KameraEg fekk spørsmål om kva type kamera de treng. Vanlig digitalt kamera for å ta bilete. Ikkje vide..Kjartan Bjorøy, 15.04.2009
Datoar og vekedagarI invitasjonen som er sendt ut til skulane, er 16. og 17. april omtala som tysdag og onsdag, fortel ..Kjartan Bjorøy, 25.03.2009
Andre kommentarSer ut til fungera...Kjartan Bjorøy, 21.11.2008
Første mann.... til å kommentere! :)..Stian Godø, 21.11.2008


Invitasjon, pris og påmelding
Publisert 16. mars 2009 av Arne Ove Opheim
2
kommentarer
Utskriftsvennlig versjon
Om knapt ein månad samlast vi att i Molde. Her kjem invitasjon, pris og påmelding.

Volda, 05.03.09
Velkomen til den siste store nettverkssamling i Molde,
16 – 17. april 2009
Som kjent er denne samlinga lagt til Molde like etter påskeferien. Innhaldsmessig har vi den fyrste dagen valt å jobbe vidare der vi slapp på sist samling. Tor Arne Wøler stiller opp, og vil saman med krefter frå IT-avdelinga ved høgskulen i Volda jobbe vidare med produksjon av animasjonsfilm. Andre dag vil også dei andre skulane i kommunane som er representerte i nettverket, samt lærande nettverke 1, bli inviterte. Her vil verktøypresentasjonar frå begge nettverka stå i fokus, men også presentasjonar frå eksterne krefter vil etter planen kome med i programmet. Underskrivne vil ta kontakt med skulane kva gjeld verktøypresentasjonar. Eit meir detaljert program vil kunne bli aktuelt å sende ut når alt er på plass.
Som tidlegare er vi avhengige av å få inn bindande påmelding til samlinga. Vi har sikra oss plass på Quality Hotel Alexandra, Molde. Pris på enkeltrom blir kr. 1236 og i dobbeltrom kr 1096 per person. Prisen inkluderer frokost, lunsj m/kaffi 3-retters middag, kaffi og to halve rundstykke ved oppstart fyrste dagen I tillegg kjem pausemat (kake og frukt). Andre dag må vi ha kaffi, pausemat og lunsj (dagpakke) til kr. 375. Dagpakkeprisen fyrste dag får eit tillegg på kr. 25 per halve rundstykke. Som tidlegare ordnar kvar einskild skule/kommune opp med hotellet før avreise.
Oppstarttidspunktet og avslutninga andre dag er lagt opp etter ferjeruta Vestnes – Molde og Timeekspressen.

PÅMELDING
Eg ber om at kvar skule sender ei samla påmelding der det går fram kor mange som vil ha overnatting frå tysdag til onsdag (full pakke), eller berre ein eller to dagpakkar. Vi ynskjer sterkt at skuleeigarane finn tid til frammøte andre dag, men gjerne begge dagar. Frist for påmelding blir satt til onsdag 25.03. kl. 14.00. Påmeldinga kan sendast til mailadresse: arneoo@hivolda.no
Skulle noko vere uklart, så gjer vel å ta kontakt på mail eller mobil nr. 99 54 79 00.

Med helsing
Arne Opheim
Kommentarer (2)
Sletta kommentar
Skrevet av Jan Ove Løken, 19.03.2009
Denne kommentaren er sletta av Jan Ove Løken.
Datoar og vekedagar
Skrevet av Kjartan Bjorøy, 25.03.2009
I invitasjonen som er sendt ut til skulane, er 16. og 17. april omtala som tysdag og onsdag, fortel merksame learar. Vi har då to val:
1) Byta årstal
2) Byta vekedag så det passar med kalenderen for 2009.
Vi vel det siste!
Vel møtt torsdag og fredag i veka etter påske...
Logg inn for å kommentere artikler!

design: Stian Godø